lørdag 7. august 2010

Fjelltur: 8,5 timers rundtur Hellandshornet og Kjeipen


Vi parkerte ved Helland Skule og gjekk heile traktorvegen til det var rås. Stien er nokså grei å følge men ein bør passe godt på å ikkje miste råsa. Det er merka her og der og ein må over elva ein stad før det går bratt oppover langsmed den. Her er eg modig og går langs kanten på toppen på Hellandshornet:

På veg ned og vidare mot Kjeipen:

På Kjeipen er det mange heller som er oppsatt på rart vis ;o)

Alle samla; Holger, Unni og Joakim.

Joakim og skyene...

Holger er modig.....ikkje å anbefale! Kjeipen oppe og Romsdalen nede.

Tja...


torsdag 5. august 2010

Gratulerer med lappen kjære guten min!!

Mor si store stoltheit klarte det på første forsøk sjølvsagt :o)

onsdag 4. august 2010

Ein liten fjelltur til...denne gongen Synnalandshornet

Nedatt gjekk vi mot Kvithaugen. Ferie er herleg!
Eg rakk ikkje sjølvutløysaren men eg kom meg i fokus...hehe

tirsdag 3. august 2010

Kjøkkenhagen eksploderte!!

Vel, eg høyrde ikkje noke, men det måtte ha skjedd då vi var på tur...

mandag 2. august 2010

Ein liten fjelltur på Tinden (Samehjartet)

I går gjekk vi på ein liten fjelltur....



Vi kom på toppen...gjekk rundt og nedatt igjen :o)
Litt tåke og regn gjorde vel ikkje noke?

Sommer (sol) og jordbærsylting

Mmmmmmm...jordbæra frå Valldal er dei beste i værda vil eg påstå!
...sikkert fordi dei treng så lang tid på å bli modne....

søndag 1. august 2010

Sommerferie i Tyskland

Tre herlige uke i Tyskland er forbi...men eg kjem snart tilbake :o)
Vi kjørte heilt ned til Sverige og tok ferga fra Trelleborg til Rostock. Der koste vi oss på stranda og i koselige Warnemunde saman med venner:

Tusen takk Petter og Katarina for dei fine dagane :o)


Då vi låg på stranda kom desse to flygande rett over oss: