tirsdag 20. mars 2012

Sjarmtrollkurs!

Denne gongen er det 2 dags kurs i regi av Haram Husflidslag den 24.-25.mars i Storgata 47 i Brattvåg.
  Deltakarane får velge mellom å lage eit troll, ein nisse, ein rallar, eller ein engel på ca 40-50 cm. Alt du treng får du på kurset. Om du har limpistol (den varmaste typen) ...eller kanskje gamle klede, blonder, knapper o.l kan du ta det med hvis du vil :-)
 Ein treng ikkje noko forkunnskap anna enn pågangsmot og eventyrlyst!
Noko formingskunnskaper er ein fordel.
 Kurset er på totalt 12 timer. Vi starter på laurdag kl 15:00 og avslutter søndags tidlig kveld. Vi avtaler oss i mellom når vi slutter på laurdag (ca 20:00 - 21:00) og starter igjen på søndag(ca 10:00 - 12:00).
 Har du spørsmål så ring 95 08 89 22.
Er du medlem i Haram Husflidslag får du 10% avslag i kursprisen!
Info på facebook

mandag 23. januar 2012

Det er snart klart for den store fugletelledagen!


Kvart år dei siste åra har eg vore med på den store fugletellinga. HER kan du sjå korleis det foregår. Og HER ser du mine registreringer som er gjort i 2010 og 2011.



lørdag 21. januar 2012

Så gikk det ett heilt år...

..og eg gløymde å ta bilde av tuntreet slik som eg planla. Jaja då fer eg heldigvis ei ny muligheit i 2012
 :-)


Nabokattane og nabofuglane

fredag 23. desember 2011

GOD JUL!


Då har eg endelig julefri og julefreden kan senke seg. Ønsker alle dokke som har fulgt bloggen min alle desse åra ei riktig god og fredelig jul!

Klem frå

Julemessa 2011

mandag 28. november 2011

Laaaang pause!

Oioioi, det vart visst ei kjempelang blogg-pause dette her. No er det mange månader sida eg har oppdatert her inne. I skrivande stund har eg eksamen i Lederutvikling og HRM bak meg så no kan eg vel puste litt ut :-)
Vel, ikkje heilt då...eg jobber mykje for tida og no er eg på veg til flyplassen for å reise til Finland. Kan ikkje sei eg har det så kjedelig nei!
  • Her inne blir det vel ikkje så gjevnlig oppdatert som før, men eg skal da no og då legge til litt liv her igjen.

  • Unnis Sjarmtroll er på< Facebook> så klikk gjerne inn dit for å sjå kva som skjer!

  • Den 3. desember er det igjen julemesse på Brattvåg Barneskule (kl 10-18) og der finn du meg og Sjarmtrolla mine! Dette er einaste messa eg er med på i år som i fjor og i forfjor og i forforfjor ;-)


søndag 6. mars 2011

Snørikt i Brattvåg i mars

Men det smelta no fort. Fin dag til å ta seg ein tur på Synnalandshornet.
Her er heim kjære heim:

Ei lita pause med lunka heimelaga solbær og hyllebærsaft, og ein kjeksbit såklart.
Bixit og Synnaland med Moldefjorden i bakgrunnen:

På toppen blåste det kaldt....