søndag 6. februar 2011

Hekta på knekkebrød!

Ei venninne av meg har blitt hekta på heimelaga knekkebrød. Eg fekk oppskrifta og måtte sjølvsagt då prøve. Sidan eg ikkje har varmluftsovn måtte eg improvisere litt på oppskrifta men jammen vart dei gode! Dette var lett å lage og lett å hekte seg på. Under kjem oppskrifta, men vent litt...må berre ete eit til med brunost på...*gomle*

Heimelaga knekkebrød a la Unni
Dette er lett å lage men tek litt tid. Alt dette berre rører du saman og lar svelle i 15 min:
1 dl fin sammalt hvete (eller rug)
1 dl havregryn
1 dl havrekli
1 dl solsikkekjerner
0,5 dl sesamfrø
0,5 dl hakka valnøtter (kan sløyfast)
0,5 dl linfrø
0,5 dl kruskakli
1 lita teskje salt
3,5 dl vatn

Bruk ein slikkepott til å bre det ut over eit steikebrett og steik i midten av ovnen på 155 grader i ca 12 min. Så tek du ut brettet og bruker ein pizzakniv til å rute dei opp. Steik så vidare i 40 min. Åpne ovnsdøra og set ovnen på 100 grader med åpen dør slik at dei  tørker fint i ca 20 min. Når du gjer dette så kan du med fordel ta dei frå kvarandre og snu dei så det går fortare å tørke dei.

No er det tid for å smake og bli hekta!

3 kommentarer:

Lappverk sa...

Garantert STEIKJA GODE!

Wenche sa...

Må bare stemme i at disse knekkebrødene er kjempegode!

flagstang sa...

The great result of bloggin, must be really hard to find.