Heimelaga knekkebrød a la Unni
Dette er lett å lage men tek litt tid. Alt dette berre rører du saman og lar svelle i 15 min:
1 dl fin sammalt hvete (eller rug)
1 dl havregryn
1 dl havrekli
1 dl solsikkekjerner
0,5 dl sesamfrø
0,5 dl hakka valnøtter (kan sløyfast)
0,5 dl linfrø
0,5 dl kruskakli
1 lita teskje salt
3,5 dl vatn
Bruk ein slikkepott til å bre det ut over eit steikebrett og steik i midten av ovnen på 155 grader i ca 12 min. Så tek du ut brettet og bruker ein pizzakniv til å rute dei opp. Steik så vidare i 40 min. Åpne ovnsdøra og set ovnen på 100 grader med åpen dør slik at dei tørker fint i ca 20 min. Når du gjer dette så kan du med fordel ta dei frå kvarandre og snu dei så det går fortare å tørke dei.
No er det tid for å smake og bli hekta!
3 kommentarer:
Garantert STEIKJA GODE!
Må bare stemme i at disse knekkebrødene er kjempegode!
The great result of bloggin, must be really hard to find.
Legg inn en kommentar