mandag 23. august 2010

Eg har vore med på ein Guinness rekord og Strikketreff :o)

Ja det er helilt sant altso! Berre sjå her: Stavanger Aftenblad
984 strikkegalne damer strikka seg til rekord laurdag og eg var ein stolt deltakar!

I helga var eg nemlig i Tananger på Strikketreff. Der heldt eg workshop med sjarmtrolla mine og møtte mange kjende og no nye venner.


lørdag 7. august 2010

Fjelltur: 8,5 timers rundtur Hellandshornet og Kjeipen


Vi parkerte ved Helland Skule og gjekk heile traktorvegen til det var rås. Stien er nokså grei å følge men ein bør passe godt på å ikkje miste råsa. Det er merka her og der og ein må over elva ein stad før det går bratt oppover langsmed den. Her er eg modig og går langs kanten på toppen på Hellandshornet:

På veg ned og vidare mot Kjeipen:

På Kjeipen er det mange heller som er oppsatt på rart vis ;o)

Alle samla; Holger, Unni og Joakim.

Joakim og skyene...

Holger er modig.....ikkje å anbefale! Kjeipen oppe og Romsdalen nede.

Tja...


torsdag 5. august 2010

Gratulerer med lappen kjære guten min!!

Mor si store stoltheit klarte det på første forsøk sjølvsagt :o)

onsdag 4. august 2010

Ein liten fjelltur til...denne gongen Synnalandshornet

Nedatt gjekk vi mot Kvithaugen. Ferie er herleg!
Eg rakk ikkje sjølvutløysaren men eg kom meg i fokus...hehe

tirsdag 3. august 2010

Kjøkkenhagen eksploderte!!

Vel, eg høyrde ikkje noke, men det måtte ha skjedd då vi var på tur...

mandag 2. august 2010

Ein liten fjelltur på Tinden (Samehjartet)

I går gjekk vi på ein liten fjelltur....



Vi kom på toppen...gjekk rundt og nedatt igjen :o)
Litt tåke og regn gjorde vel ikkje noke?

Sommer (sol) og jordbærsylting

Mmmmmmm...jordbæra frå Valldal er dei beste i værda vil eg påstå!
...sikkert fordi dei treng så lang tid på å bli modne....

søndag 1. august 2010

Sommerferie i Tyskland

Tre herlige uke i Tyskland er forbi...men eg kjem snart tilbake :o)
Vi kjørte heilt ned til Sverige og tok ferga fra Trelleborg til Rostock. Der koste vi oss på stranda og i koselige Warnemunde saman med venner:

Tusen takk Petter og Katarina for dei fine dagane :o)


Då vi låg på stranda kom desse to flygande rett over oss:


Ferieopplevingsbilder


Sykletur i området rundt Groitzsch.

Ein sommarfugl på fine blomster :o)

Desse kule tekannene stod på fortauet i Leipzig.

Ein stad i Leipzig finns denne folksomme veggen.
Dette antikmarkedet i Leipzig er større enn ein trur. Tre store hallar og mange gater i ein park med boder og stander fulle av antikke og utikke ting og tang. Her var det mykje fint kan du tru! Augene mine heldt på å dette ut....

Så var vi komt til Sverige...

Ved Tannumhede finn du desse flotte helleristninger og endå fleire:

Tilbake i heimlandet...

Snart heime :o)

Spreewald

I Spreewald er kjempekoselig å padle i kano. Det var nettopp det vi gjorde da Jens og Angela inviterte til tur :o)
Jens og Angela er først ut inn i dei ukjente men koselige kanalane i Spreewald. Husk kart!

Av og til møtte vi båter med fleire turister i. Dei vart staka fram av sterke karar på Venetsiansk vis:

Enkelte plassar dukka det opp hytter og serveringsstader. Skikkelig koselig å ta lunsj her.

Her ankra vi opp for å ete lunsj:

Kvark med poteter og linolje, nammenamm faktisk ;o)

Vidare i slow tempo....Holger padler og eg kviler litt..hehe.

Måtte jo ta bilder av fine insekt underveis kan skjøne...dette er ein "Libelle".

Jens sine kjeks kom godt med då svoltne ender meir enn gjerne ville få ein bit:

På vegen var det variert utval av Spreewald sin hovedeksportvare; Sylteagurk!
Ei koselig ferieoppleving! Tusen takk Jens og Angelaaaaaaaaaaaaa!!! :o)