onsdag 29. desember 2010

Husk fuglane våre etter jul og!

I dag har eg ikkje gjort det grann. Bortsett fra å følge med på småfuglane utanfor kjøkkenvinduet då ;o)
Eit utrulig utvalg har vore innom i løpet av dagen:
Blåmeis, kjøtmeis, granmeis, gråsporv, gulsporv, kråke, skjor, svarttrost, raudstrupe, grønfink, gråsisik og dompapp.


tirsdag 28. desember 2010

Jul i Passau

Denne jula har vi feira i Passau i Tyskland. Ei annaleis og koselig jul med gås til julemiddag. Morsomt å feire på andre sitt vis og :o)
Pakkane blei åpna julaftan med ostepølse og potetsalat som tradisjonsmat. Julemiddagen blei inntatt på 1.juledag og smakte himmelsk!!
Her er eit bilde av ein del av julemarkedet på torget ved Domen i Passau:

Ein dag reiste vi til Østerrike, Schärding på bondens marked. Der lukta det godt av røkt kjøtt og deilig brød kan du tru: Her er Holger og Steffi foran markedet i den koselige barokk-byen :o)

Passau med Donau i forgrunnen. Passau er ein nydelig by, nesten litt sånn som Ålesund, der møtes tre elver; Donau, Ils og Inn. Du kan sjå den flotte Domen i midten med sine tre turkise spir.