lørdag 22. januar 2011

Tuntreet mitt om vinteren

Eg har lenge tenkt at eg burde tatt bilde av tuntreet mitt i alle årstidene. Då passer det kanskje å starte i januar med vinter. Tuntreet mitt står i enden av eigedommen mot vest og på ein bakketopp, der tek det av for den verste stormen. Det er ei gammal lønn. I fuglekassa som Holger laga til meg i fjor bur det fugler. Om vinteren søkjer dei ly og om våren driv dei med andre sysler ;o) I fjor vår var det ein stær som flytta inn. Han fekk seg ikkje dame såg det ut til men vi satsar på han i år!
I 1995 då dei laga vegen her så vart det delvis øydelagt, men etter nokre år kom det seg att. I dag kan det skimtast at nokre greiner er nyare enn dei andre...lønnetrea får nemlig fine krokete armar etter som tida går. Eg liker store gamle krokete tre...


Dene karen satt så fint på postkassehuset ein dag :o)

torsdag 20. januar 2011

Heklateppet mitt og framgang...

No super eg på ein kopp med eple-kanel-te mens eg tenker vidare på saken....skal eg fortsette med å hekle med kvitt innerst...?
Skal eg hekle ein omgang utanpå med brun-grå-tonane for så å fastmaske dei sammen?

<-- Her er eit eksempel på det:
(bilde lånt frå boka til Tove Fevang; "Helt enkel hekling")


Hm....kva syns dokke?
 
Eller skal eg hekle med offwhite rundt kanten og sammen....
 
 
 
 
 
Her er prosjektet mitt i kveld....kl 21:00  ;o)

onsdag 19. januar 2011

Starten på eit heklateppe

Eg begynte i forgårs og har kome so langt....
Garnet er finull (som vanleg) og pinnen er nr 5!

søndag 16. januar 2011

lørdag 15. januar 2011

En liten fjelltur

Synnalandshornet 15.januar