søndag 20. februar 2011
onsdag 16. februar 2011
Kva skjer'å?
Heklateppet mitt har då ein viss framgang sjølv om det ikkje er så mykje å skryte av enno??
Her ser du grunnen til at det ikkje gjeng så fort ...kan du finne 1 feil?
Det er nemlig ikkje hekletøyet som ligg i stolkroken.........det er bøker!!
Har i alle fall ei flott unnskulding for å ikkje ha hekla så mykje ;o)
Har begynt på skule! Praktisk lederutvikling er eit kurs i regi Negotia som eg er så heldig å få delta på. Eg har vore med på første samling og det var faktisk kjempegøy å sette seg på "skulepulten" igjen! Gleder meg allereie til neste samling i mars. Forhåpentligvis blir eg kjempeflink i løpet av våren og greier examen med brask og brak! Ønsk meg lykke tel! :P

søndag 13. februar 2011
søndag 6. februar 2011
Hekta på knekkebrød!
Ei venninne av meg har blitt hekta på heimelaga knekkebrød. Eg fekk oppskrifta og måtte sjølvsagt då prøve. Sidan eg ikkje har varmluftsovn måtte eg improvisere litt på oppskrifta men jammen vart dei gode! Dette var lett å lage og lett å hekte seg på. Under kjem oppskrifta, men vent litt...må berre ete eit til med brunost på...*gomle*
Heimelaga knekkebrød a la Unni
Dette er lett å lage men tek litt tid. Alt dette berre rører du saman og lar svelle i 15 min:
1 dl fin sammalt hvete (eller rug)
1 dl havregryn
1 dl havrekli
1 dl solsikkekjerner
0,5 dl sesamfrø
0,5 dl hakka valnøtter (kan sløyfast)
0,5 dl linfrø
0,5 dl kruskakli
1 lita teskje salt
3,5 dl vatn
Bruk ein slikkepott til å bre det ut over eit steikebrett og steik i midten av ovnen på 155 grader i ca 12 min. Så tek du ut brettet og bruker ein pizzakniv til å rute dei opp. Steik så vidare i 40 min. Åpne ovnsdøra og set ovnen på 100 grader med åpen dør slik at dei tørker fint i ca 20 min. Når du gjer dette så kan du med fordel ta dei frå kvarandre og snu dei så det går fortare å tørke dei.
No er det tid for å smake og bli hekta!
Abonner på:
Innlegg (Atom)